Her blir det ventetid for bilistane

BETRE STANDARD: Gudvangatunnelen er gammal, og ber preg av det.

BETRE STANDARD: Gudvangatunnelen er gammal, og ber preg av det. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

SAMFERDSLE: Oppgradering av fire tunnelar nattestid i eit heilt år.

DEL

Natt til 2. august går Statens vegvesen i gang med ei omfattande utbetring av fire tunnelar på E16 i Aurland i Sogn.

Dei fire tunnelane er Gudvangatunnelen, Fretheimstunnelen, Onstadtunnelen og Flenjatunnelen. Desse tunnelane fyller ikkje dagens krav, og har for dårleg standard, opplyser Statens vegvesen.

Kveld til morgon

Natt til tysdag tek arbeidet til i Fretheimstunnelen. Deretter blir det utbetringsarbeid i tunnelane i eit heilt år, før alle fire skal stå ferdig oppgraderte hausten 2018. Den første veka vil arbeidet bli avslutta fredag morgon. Seinare kjem arbeidet til å gå føre seg på kveldar og netter mellom klokka 20 og klokka 05.30, seks dagar i veka. Natt til søndag blir det ikkje drive tunnelarbeid.

Alle dei fire tunnelane blir stengde medan arbeidet går føre seg, men vegvesenet legg opp til å sleppe igjennom trafikk med kolonnekøyring. Ventetida kan bli opptil ein time, og stundom også noko lengre, når det går føre seg spesielle arbeidsoperasjonar inne i tunnelane. Entreprenøren kjem til å koordinere kolonnetidene så langt det let seg gjere.

Betre og tryggare

Når oppgraderinga er ferdig, vil tunnelane ha ein heilt annan standard enn i dag. Det blir nytt lys i tunneltaket, ny ventilasjon, kamera- og radarovervaking, og nye naudstasjonar med brannsløkkingsapparat og telefon. Vidare får tunnelane nye evakueringslys, nye tekniske bygg med transformatorar, og fjernstyrte informasjonstavler på tilførslevegane.

I Gudvangatunnelen må det ifølgje vegvesenet sprengast ut mykje fjell for å få plass til nye tekniske bygg og nytt utstyr. Dette arbeidet vil ta om lag eitt år. I tillegg kjem eit stort arbeid med nye elektroinstallasjonar og opprusting av tryggleiksutstyret. I Fretheim-, Onstad- og Flenjatunnelen skal det gjerast elektroarbeid parallelt med sprengingsarbeidet i Gudvangatunnelen.

Artikkeltags