Omfattande oppgraderingar av tunnelar i 2018

Det blir stor aktivitet i tunnelane på Vestlandet framover.

DEL

Vegvesenet har sendt ut ei oversikt over pågåande og planlagde prosjekt.

– Det skal bli tryggare og betre køyreforhold på Vestlandet når rundt 150 tunnelar får ny utrusting. Tunneloppgraderingsprosjektet tok til i 2015, og på Vestlandet blir det stor aktivitet i det kommande året, heiter det i pressemeldinga.

I Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland skal det gjerast omfattande arbeid. Rundt 150 tunnelar treng oppgradering og tiltak. Oppgraderingsprosjektet fokuserer på tunnelar som ikkje er utrusta etter forskriftene for tryggleik.

Etter planen skal tunnelane på E39 vere ferdige i 2020, medan fylkesvegtunnelane skal vere ferdige i 2025.

I år startar mellom anna elektroarbeid i Gudvangatunnelen på E16 og arbeid i Flenjatunnelen. Like før jul begynte arbeidet i Masfjordtunnelen på E39. I løpet av våren skal arbeidet i Høyangertunnelen, som er forseinka, bli ferdig. Etter sommaren begynner dei på mindre arbeid i Kvernbergtunnelen i Førde på fylkesveg 609. Også Vadheimstunnelen og Tussviktunnelen skal oppgraderast no.

Artikkeltags