Skal du ut og reise i ettermiddag? Dette er status for veg, fly og ferje

Slik såg det ut på Strynefjellet litt før klokka 14.00. Akkurat no er det kolonnekøyring, men vegen kan bli stengt på kort varsel.

Slik såg det ut på Strynefjellet litt før klokka 14.00. Akkurat no er det kolonnekøyring, men vegen kan bli stengt på kort varsel. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VÊR: Uvêret skapar framleis problem for flytrafikken og over fjellovergangane.

DEL

Veg

Fv. 53 mellom Tyin og Årdal, fv. 50 mellom Hol og Aurland, rv. 13 Vikafjellet og rv. 52 Hemsdalsfjellet er alle stengt grunna uvêr.

Rv. 15 Strynefjellet er det innført kolonnekøyring. Kan bli stengt på kort varsel.

E16 Filefjell er stengt inntil vidare grunna bilberging.

Fv. 55 mellom Opptun og Turtagrø bom er stengt grunna uvêr. Blir ikkje opna måndag. Ny vurdering tysdag klokka 09.00.

Flytrafikken

Bringeland/Førde:

Flyet frå Oslo til Førde skulle landa klokka 12.50. Grunna uvêret er ankomsten utsett til 15.15.

13.10-flyet frå Bringeland til Oslo er utsett til 14.45.

Anda/Sandane:

Flyet til Ørsta/Volda og deretter Oslo, som skulle gått 12.25, har fått ny avgangstid klokka 14.02.

Ingen fly har så langt landa på Sandane lufthamn måndag. 10-flyet frå Oslo/Sogndal vart innstilt.

Haukåsen/Sogndal:

Det har verken landa eller tatt av fly frå Haukåsen i dag.

Florø:

Flyet frå Oslo/Sogndal klokka 14.00 er innstilt. Det fører igjen til at 14.15-flyet til Oslo er innstilt. Dei andre flygningane frå Florø i dag har gått, men med små forseinkingar.

Hald deg oppdatert på avinor.no.

Båt og ferje

Alle ferjer i fylket er pr. no i trafikk. Båttrafikken ser også ut til å gå som planlagt, men tidlegare i dag hadde ekspressbåten frå Bergen til Selje problem. Grunna uvêret måtte stopp på Smørhamn kansallerast.

Artikkeltags