Semitrailer hadde ikkje vore på EU-kontroll. No er han skilt-laus

Dette og meir til vart oppdaga under Vegvesenet sin kontroll på Nordfjordeid.

DEL

Fire køyretøy hadde manglar då dei tysdag vart kontrollert av Statens vegvesen.

Ein semitrailer vart avregistrert grunna manglande EU-kontroll. Ein annan sjåfør køyrde med knust frontrute, og ein lastebil vart nekta å køyre vidare fordi han mangla rett løyve for transporten han køyrde.

I tillegg fekk ein sjåfør åtvaring for brot på køyre- og kviletida, melder Vegvesenet.

Artikkeltags