Mann i 30-åra tatt i 141 km/t – mista lappen tvert

Utrykningspolitiet stoppa føraren på E39 tysdag ettermiddag.

DEL

Dette melde Vest politidistrikt klokka 14.00.

Føraren, ein mann i 30-åra, gjorde ei forbikøyring på E39 på Sognevegen. Rett etter vart han målt til 141 km/t i 80-sona.

UP hadde laserkontroll og stoppa mannen. Dei kverrsette førarkortet på staden.

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane skal dette ha skjedd i Instefjord, og mannen køyrde motorsykkel.

Artikkeltags