Her er det vegarbeid måndag

Skal du køyre E39 må du til dømes vere obs på stengingar to stadar.

DEL

Strekningane det gjeld er:

  • E39 ved Eikås i Jølster. Lysregulering på grunn av vegarbeid.
  • E39 i Bogstunnelen mellom Vadheim og Norevikane. Kan bli steng i inntil 20 minutt grunna vegarbeid måndag frå 09.00 til 17.00, tysdag til torsdag 07.30 til 17.00. Vent på følgebil. Arbeidet skal vare til og med 3. oktober. Utrykningskøyretøy og rutegåande trafikk kan passere. Ferjetrafikken blir tatt omsyn til.
  • Fv. 55 i Høyangertunnelen. Manuell dirigering på grnn av vedlikehaldsarbeid måndag og tysdag denne veka frå 07.00 og 18.00.
  • Fv. 55 i Vadheimstunnelen. Kan bli stengd i periodar på inntil 45 minutt på grunn av vedlikehaldsarbeid måndag til fredag frå 06.00 til 18.00. Inntil 15 minutt venting i tida 06.00 til 08.30 og 15.00 og 16.30. Etter klokka 18.00 til 06.00 kan det bli stengt i fire timar.
  • Fv. 55 ved Kvamsøy er det vedlikehaldsarbeid frå måndag til torsdag denne veka. Dette gjeld i perioden 07.00 til 18.00.
  • Fv. 453 ved Klakegg - Fonn i Jølster kan bli stengd i ein time grunna vegarbeid måndag til fredag denne veka. Dette gjeld mellom 07.30 og 19.00.
  • Fv. 691 ved Osen i Gloppen. Kan bli stengt i periodar på inntil 30 minutt grunna sprengingsarbeid. Dette gjeld måndag til onsdag frå 08.00 til 20.00. Torsdag frå 08.00 til 14.30.

For fleire og fortløpande vegmeldingar, sjekk vegvesen.no.

Artikkeltags