Her blir det vegarbeid dei kommande dagane

Fleire strekningar skal mellom anna få ny asfalt. Slik påverkar det trafikken.

DEL

Langs fv. 55 i Esefjorden i Balestrand startar dei med asfaltering onsdag kveld. Arbeidet startar klokka 21.00 og held på til 06.00 dagen etter. Vegvesenet melder at arbeidet er venta å vere ferdig fredag morgon.

Det skal også asfalterast på E39 ved Bruland i Førde. Asfalteringa skal skje torsdag mellom klokka 07.00 og 18.00. Det blir manuell dirigering, men det er ikkje meldt om ventetid.

Der du derimot må bu deg på å vente er på fv. 422 ved Åse i Gaular. Torsdag kan vegen bli stengt i inntil to timar på grunn av vegarbeid. Dette gjeld mellom klokka 09.00 og 16.00. Utrykkingskøyretøy og rutegåande trafikk kan passere.

Det skal også føregå arbeid på Vassenden bru onsdag og torsdag. Her kan det blir 10 minutt ventetid.

Andre vegmeldingar:

  • Fv. 57 ved Leversund bru i Gulen. Kan bli stengd i inntil 1 time grunna vegarbeid. Dette gjeld måndag til fredag frå klokka 07.30 til 19.00 fram til 5. september.
  • Fv. 55 Vadheimstunnelen. Kan bli stengt i inntil 45 minutt grunna vedlikehaldsarbeid. Dette gjeld måndag til fredag frå 06.00 til 18.00. Inntil 15 minutt ventetid i tida 06.00 – 08.00 og 15.00 – 16.30.
  • Rv. 5 ved Kjøsnes i Jølster. Lysregulering grunna vegarbeid. Gjeld fram til 21. september.
  • E39 ved Grimsbø i Jølster. Lysregulering grunna oppryddingsarbeid.
  • Rv. 5 i Frudalstunnelen i Sogndal. Der kan det bli stengt i periodar på 20 minutt grunna vegarbeid. Dette gjeld onsdag og torsdag frå 07.30 til 18.00.
  • Fv. 615 ved Eimhjellen. Kan bli stengd i periodar på inntil 30 minutt måndag til fredag mellom klokka 08.00 og 16.00.

Fleire vegmeldingar finn du på vegvesen.no.

Artikkeltags