Her blir det ei ekstra stenging i dag

ØVING: Entreprenørane som jobbar i Vadheimstunnelen skal øve på redning og evakuering.

ØVING: Entreprenørane som jobbar i Vadheimstunnelen skal øve på redning og evakuering. Foto:

Entreprenørane skal ha øving. Vadheimstunnelen på fv. 55 blir stengd i ein time.

DEL

Dette gjeld frå klokka 17.45 onsdag ettermiddag.

– Det er planlagt ei rednings- og evakueringsøving for entreprenørane i tunnelen. Dette for å gje dei kunnskap om kva dei skal gjere ved ein eventuell naudsituasjon, opplyser brannvernsleiar Christopher Ebbang i Statens vegvesen.

Alle som er på jobb i tunnelen skal delta. I dag er det snakk om kring 20 personar.

– Både entreprenørane og vi som tunneleigar er pålagd å ha slike øvingar, seier Ebbang.

Tunnelen blir stengd i ein time til 18.45, men utrykkingskøyretøy vil kunne passere. Etter øvinga er ferdig vil dei vanlege kolonnetidene gjelde:

  • Kolonnetider frå Vadheim: 18:30, 19:00, 19:35, 20:00, 20:45, 21:10, 21:50, 22:25, 00:35, 04:00, 05:10.
  • Kolonnetider frå Hovden: 18:40, 19:30, 20:10, 20:55, 21:40, 22:30, 00:25, 04:10, 05:15.

For tida held ein på med ei rehabilitering av Vadheimstunnelen. Det skal byggast ny havarinisje og ei nisje for teknisk bygg. Det kjem nytt lysanlegg, nye naudstasjonar/telefonar, auka viftekapasitet, ny vass- og frostsikring, fjellsikring, ny asfalt og nytt leidningsnett for vasspyling.

Ifølgje byggeleiar Sveinung Hovland skal første del av rehabliteringa vere ferdig til jul. Dette er før tida, fortel han.

– Entreprenøren som er der no jobbar med grøftegraving, havarinisje, vass- og frostsikring. Del to er lys, men den jobben skal ut på anbod.

Viss entreprenøren blir ferdig til jul, blir det eit opphald i arbeidet fram til mars, som er starttidspunkt for neste arbeid.

– Så vil tida vise om ein blir ferdig til jul, seier Hovland.

Men uansett vil arbeidet i tunnelen halde fram heile 2020 også.

Artikkeltags