Følg trafikken her

SNØFOKK: Slik ser det ut på Vikafjellet fredag morgon.

SNØFOKK: Slik ser det ut på Vikafjellet fredag morgon. Foto:

Alle fjellovergangane er stengde for personbilar.

DEL

– Det er ganske spesielt. Det skal mykje til å stenge Filefjell, seier Jan Erikstad ved Statens vegvesen sin vegtrafikksentral.

Alle fjellovergangane er no stengde for personbilar. Framleis får køyretøy over 7,5 tonn køyre over Filefjell i kolonne, men vegen kan bli stengd på kort varsel. Hemsedal var også ope for kolonne ein kort periode, men måtte stengast att med ein gong.

Årsaka til at Filefjell er ope for tunge køyretøy, er at desse har betre sikt. Erikstad forklarer at snøføyken oftast ligg i frontrutehøgde for personbilar, medan ein i store bilar kjem over.

– Er det andre vegar som er stengde på grunn av uvêr?

– Nei, det har vore eit par trenedfall på fylkesveg 57 i Fjaler, men det er passering alle plassar, seier Erikstad.

Klokka 15:50 er dette situasjonen på fjellovergangane mellom aust og vest.

  • Rv. 15 Strynefjellet (Blir ikkje opna i dag)
  • Rv. 13 Vikafjellet (Blir ikkje opna i dag)
  • Rv. 7 Hardangervidda (Blir ikkje opna i dag)
  • Fv. 50 Hol-Aurland (Blir ikkje opna i dag)
  • Fv. 53 Tyin-Årdal (Blir ikkje opna i dag)
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet er stengt

  • E134 Haukelifjell

  • E16 Filefjell. Kolonne for køyretøy over 7,5 tonn. Køyretøya må bruke kjetting. Vegen kan bli stengd igjen på kort varsel.

Meldingar frå Fjord1:

Rute 1122 Leirvåg – Sløvåg: Grunna kraftig og ugunstig vind er sambandet innstilt inntil vidare frå og med 1545-avgangen frå Sløvåg.

Rute 1180 Florabassenget: Rute i vest og nord med avgang 1600 og 2000 blir også kansellert på grunn av vêret. Rute i sør med avgang 2000 frå Florø blir kansellert på grunn av vêret.

Meldingar frå Norled:

Nordfjordruta: Avgang frå Bergen til Selje 1630 i ettermiddag blir kansellert. Det blir også avgangen frå Selje laurdag morgon klokka 0620 grunna ekstremvêr.

Lavik-Oppedal: Rute A er noko forseinka grunna sterk vind i ferjeleia.

Vangsnes-Hella-Dragsvik: Avgang frå Dragsvik 15 min på og over heil time. Avgang frå Hella kvar heile og halve time. Vangsnes er kansellert inntil vidare grunna uvêr.

Artikkeltags