Fleire bilar har køyrt utfor på glatt føre – no blir Sognefjellet stengt igjen

VINTER: Det er dårleg sikt og føre på fv. 55 på Sognefjellet.

VINTER: Det er dårleg sikt og føre på fv. 55 på Sognefjellet. Foto:

Det er nullføre og dårleg sikt på fv. 55 over Sognefjellet. Vegen vil bli stengt frå 20.00 onsdag kveld.

DEL

– Det snør og temperaturen ligg rundt null grader. Det er vanskelege køyreforhold med snø i vegen og dårleg sikt, fortel trafikkoperatør Roger Nedberge Hille i Lærdal.

Fleire bilar har køyrt utfor vegen grunna det glatte føret. Like etter klokka 12.00 valde Vegvesenet og stenge fjellovergangen. Dette er andre gong denne veka.

– Vi jobbar ein for å dra bilane tilbake på vegen og få dei ned frå fjellet no. Så må vi vurdere om vi kan opne igjen, men ut frå vêret som er meldt tvilar eg på at det skjer, seier Neberge Hille.

SISTE: Klokka 15.01 vart det melst at vegen er opna att for trafikk, men at den vil bli stengt att klokka 20.00. Deretter vil det bli gjort ei ny vegvurdering klokka 08.00 torsdag morgon.

Heller ikkje dei kommande dagane ser bra ut når det gjeld køyring over Norges høgste fjellovergang.

– Natt til torsdag skal det snø mykje. Resten av dagen er det meldt ein grad og snø og sludd. Natt til torsdag skal det også snø mykje. Eg kan ikkje seie noko sikkert, men viss eg skal spå, så trur eg det blir verande stengt.


Fv 55 SognefjelletÅpen for trafikk. Stenges igjen klokken 20:00. Vil foreta ny vurdering klokken 08 i morgen tidlig.



Artikkeltags