E16 måtte stenge grunna giftig gass

Gudvangatunnelen måtte stenge på grunn av svært ureina luft.

DEL

– Det har danna seg ein propp av helseskadeleg gass inne i tunnelen, seier trafikkoperatør Ronny Sleire ved Vegtrafikksentralen Vest.

– Nivåa av både NO (nitrogenoksyd) og CO (karbonmonoksyd) er så høge at det er farleg.

– Vi driv og skubbar på denne gassproppen no, men det tek tid. Problemet er at tunnelen er under oppgradering, og difor er mange av viftene i tunnelen ute av drift, sa Sleire ved 15.30-tida i dag.

16.05 melde Vegtrafikksentralen at tunnelen var opna att.

Artikkeltags