Anleggsgjengen jublar når det regnar

Sjølv om dei jobbar ute i høljeregnet, er karane i Entreprenørservice og Førdepakken storfornøgde med regnet og mildvêret som har kome i vinter. – No set vêret ingen grenser for kva vi kan gjere, seier dei.