Sognefjellet nattestengt

DEL

Fylkesveg 55 Sognefjellet blir nattestengt natt til laurdag og natt til søndag på grunn av uvêr. Det melde Vegtrafikksentralen Vest fredag ettermiddag.

Vegen kan også bli stengd på kort varsel på dagtid, melde dei.

Det er meldt store mengder nedbør og vind i løpet av helga og NVE oppjusterte fredag ettermiddag farenivået for jordskred og flaum i fylket. Farenivået er no på oransje nivå. Det betyr at det kan komme alvorlege skadar og at krevst førebuingar i beredskap.


Artikkeltags