Veg i Sogndal stengd etter snøras

TRAFIKK: Laurdag føremiddag har det gått eit snøras på fylkesveg 214 ved Fimreite i Sogndal kommune.

DEL

Det melde Vegtrafikksentralen vest like før klokka halv to laurdag.

Fylkesveg 214 var då stengd, men klokka 14.36 melde vegvesenet at vegen var open igjen.

– Det er snakk om eit ras med blanding av stein, snø og jord, opplyser operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt.

Ingen blei tekne i raset og det skal ikkje vere fare for nye ras, seier Halleraker.


Artikkeltags