To fjellovergangar mellom aust og vest er heilt opne

Det snør tett på Filefjell, men vegen er førebels open.

Det snør tett på Filefjell, men vegen er førebels open. (Foto: )

Av

Filefjell og Hemsdalsfjellet er fjellovergangane som er opne for normal ferdsel. På Filefjell er det påbode med kjettingar for tyngre køyretøy.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

Onsdag ettermiddag har uvêret begynt å treffe fjellet i Sør-Norge, og dette fører til stengingar og kolonnekøyring. Det skriv Bergensavisen.

Hardangervidda er stengt for køyretøy under 7,5 tonn. Det er innført kolonnekøyring på dei andre fjellovergangane, med unntak av Filefjell og Vikafjellet mellom Myrkdalen og Sognefjorden. Like før klokka 22 melde vegvesenet at Hemsedalsfjellet er ope att for fri ferdsel, og at Hol - Aurland er stengt på grunn av uvêr.

– På Filefjell er det påbode med kjettingar for tyngre køyretøy, seier trafikkoperatør Tom Hansen ved vegtrafikksentralen til Bergensavisen.

Vind og snøvêr er årsaka til stengingane, og det ser ut til at uvêret skal auke på utover kvelden.

– Slik det ser ut no, blir det kolonnekøyring eller stengt utover også ja, kanskje med unntak av Filefjell. Her pleier dei å klare å halde vegen open, seier Hansen.

Sjå vegkart frå Statens vegvesen her.

Slik ser det ut på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet like før klokka 18.

Slik ser det ut på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet like før klokka 18. (Foto: )

Riksveg 13 over Vikafjellet onsdag like før klokka 18.

Riksveg 13 over Vikafjellet onsdag like før klokka 18. (Foto: )

Artikkeltags