Fylkesvegane er langt farlegare enn riksvegane

Av

Det er nesten dobbelt så stor sjanse for å bli drepen eller hardt skadd på ein fylkesveg enn på ein riksveg, ifølgje tal frå Statsbudsjettet.

DEL

Det kjem fram i ein gjennomgang Teknisk Ukeblad har gjort av talgrunnlaget i forslaget til nytt Statsbudsjett for 2020.

Tala frå 2015 til 2018 viser at det på riksvegnettet var 11,5 drepne og hardt skadde per milliard køyrde kilometer, mens det på fylkesvegnettet var 20,7 drepne og hardt skadde per milliard køyrde kilometer. På det kommunale vegnettet var tilsvarande tal på 15,4 drepne og hardt skadde.

I dag jobbar mellom 1.360 og 1.720 personar i Statens vegvesen med fylkesvegane. Frå og med 1. januar neste år blir alle desse oppgåvene overført til kvart enkelt fylke.

Artikkeltags