Fjerna tømmerbil frå tunnel

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

 Eit større køyrety fekk i føremiddag problem inne i Frudalstunnelen på riksveg 5 i Sogndal kommune.

– Det var ein tømmerbil som fekk problem med kjølevæska, og vegen er stengd til dess lastebilen kjem seg vidare. Det er uvisst når vegen opnar att, sa Marianne Føleide – operasjonsleiar ved politiets operasjonssentral i Sogn og Fjordane – til Firda klokka 10:29

Klokka 11:18 melder Statens vegvesens vegmeldingssentral at vegen no er opna for fri ferdsel.

Artikkeltags