Bom stopp på Vikafjellet

Torsdag ettermiddag sperrer et vogntog fylkesvei 13 over Vikafjellet.

Torsdag ettermiddag sperrer et vogntog fylkesvei 13 over Vikafjellet. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

VEG: Vegen er opna igjen etter at vogntog sperrar riksveg 13 på Vikafjellet.

DEL

Det melder operasjonssentralen til Vest politidistrikt klokka 14.52.

Vogntog køyrde seg fast

Klokka 12.14 fekk Vegtrafikksentralen melding om at eit vogntog hadde køyrt seg fast i Holasvingene på oppstiginga til Vikafjellet på Myrkdalen-sida av fjellet, skriv Bergensavisen.

Ein lesar BA har snakka med, seier at det er bom stopp i trafikken i begge retningar og at køane veks.

– Vi jobbar med å skaffe oss ei oversikt over korleis vogntoget skal bergast frå staden. Eg veit ikkje korleis køyretøyet var skodd, men dette er ei strekning ein på denne tida må bruke kjettingar, seier trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen, Kjetil Larsen, til BA.

Det er fint vêr i området, men snødekte vegar og vinterføre.

– Det er nok glatt, men etter forholda greitt føre, seier Larsen.

– Slitne dekk

Rune Økland er på veg over fjellet frå Voss. Han fortel at det er strålande fint vêr og seks minusgrader. No står han bak vogntoget og kjem ikkje forbi.

– Vogntoget har totalt 18 dekk. Eitt av dei har kjettingar på og resten er slitne dekk. Det er ganske utruleg, seier han til BA.

Vogntoget skal ifølge ham vere svenskregistrert.

– No står det på tverre i svingen og ingen kjem forbi. Ovanfor står det ein 13–14 bilar som ikkje kjem ned. Dei vil nok sperre for redningsbilen igjen, forklarer Økland.

– Bilane som var på veg opp, har snudd og køyrt ein anna veg, seier han.

Politiet på veg

Politiet hadde ikkje fått inn andre meldingar om vogntoget enn frå Vegtrafikksentralen då BA ringde.

– Men vi får vel sende ein patrulje frå Voss og sjå kva som skjer, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Terje Magnussen, til BA.

Artikkeltags