Her blir det ikkje opna i dag – slik er stoda på vegane

STENGT: Slik såg det ut på rv. 13 ved Hestavollen på Vikafjellet like over klokka 08.00 onsdag. Vegen blir ikkje opna før tidlegast torsdag morgon.

STENGT: Slik såg det ut på rv. 13 ved Hestavollen på Vikafjellet like over klokka 08.00 onsdag. Vegen blir ikkje opna før tidlegast torsdag morgon. Foto:

DEL

Uvêr og snø gjer at rv. 13 over Vikafjellet er stengt. Vegtrafikksentralen Vest melder at vegen heller ikkje blir opna onsdag. Vegen blir vurdert på ny torsdag morgon.

I tillegg er det også innført kolonnekøyring for alle køyretøy på rv. 7 over Hardangervidda. Rv. 52 over Hemsedalsfjellet er open for trafikk, men her kan det bli innført kolonnekøyring på kort varsel.

Fv. 53 Tyin – Årdal var også nattestengt, men her vart vegen opna att klokka 08.00.

Fv. 50 Aurland – Hol vart opna for trafikk klokka 09.31.

Klikk her for å sjå oppdaterte vegmeldingar frå fylket.


Artikkeltags