Tolv dagar etter at dette raset vart rydda, kom nye steinar på same staden

STEINRAS: Dette raset gjekk ved Finnsåstunnelen 4. januar. Fredag kveld kom det nye steinar ned i vegen.

STEINRAS: Dette raset gjekk ved Finnsåstunnelen 4. januar. Fredag kveld kom det nye steinar ned i vegen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

INDRE SOGN: I ti dagar stengde raset ved Finnsåstunnelen vegen mellom Årdalstangen og Fodnes. Fredag kveld vart vegen stengd på nytt.

DEL

Steinraset som no førte til ny stenging av Fv53, gjekk i 21-tida om kvelden, på vestsida av Finnsåstunnelen, med andre ord på same stad som sist. Politiet melde først at raset hadde gått ved den enden av tunnelen som vender mot Årdalstangen, men dette var ikkje tilfelle. I følgje ei ny melding frå Vest politidistrikt, har steinane kome på same stad som ved raset 4. januar.

Bilistar rydda steinane

Korkje bilar eller personar vart tekne i raset fredag kveld. Dette var eit lite ras, med så små steinar at bilistar sjølv rydda dei unna. Ifølgje politiets melding på Twitter, var det 20-30 steinar som hadde kome ned i vegbanen. Steinane som hadde rast ut, var i ballstorleik.

Det kom ikkje nye ras, og bilar som hadde samla seg på staden, fekk etter ei tid lov til å passere. Vegen vart deretter stengd, fram til entreprenør og geolog får undersøkt området i dagslys laurdag. Laurdag klokka 17.00 vart vegen opna igjen for fri ferdsel.

Bil punkterte

Ein bil som køyrde over steinane kort etter at raset hadde gått, punkterte på to hjul, og måtte hentast av bergingsbil.

Det nye steinraset på Fv53 gjekk tolv dagar etter at ryddemannskapa hadde avslutta eit omfattande oppryddings- og sikringsarbeid etter raset som gjekk på same staden 4. januar. Dette store steinraset førte til ti dagars stenging av vegen som bind Årdal saman med Lærdal og ferjesambandet på Fodnes. I ein periode der det også var dårleg vêr på fjellet, var Årdal heilt isolert frå omverda.

Artikkeltags