Sjå kva vegar som er stengde og kvar dei har starta opprydding

STENGT: Fleire små og store vegar i fylket er stengt, blant anna hovudfartsåra E39 nordover. Dette raset gjekk over E39 i Movika nær Førde.

STENGT: Fleire små og store vegar i fylket er stengt, blant anna hovudfartsåra E39 nordover. Dette raset gjekk over E39 i Movika nær Førde.

Etter ein kveld og ei natt med fleire jordras og store flaumar er fleire vegar i fylket stengt, inkludert vegen på begge sider av Jølstravatnet.

DEL

Fleire vegar i Sogn og Fjordane er stengde av ras og flaum etter det siste døgnets ekstremvêr. Vegvesenet er i gang med oppryddinga, men E39 blir ikkje opna i dag.

SISTE: Ifølgje Politioverbetjent Wenche Hope skal geolog frå Statens vegvesen rundt klokka 14.30 ha klarert rasstadane langs E39 for oppryddingsarbeid, med tanke på ny rasfare.

Dette bekreftar Statens vegvesen.

– Våre geologar har i samarbeid med NVE befart heile E39. Det er no ikkje skredfare ved punkta det har vore ras. Vi har også vore i kontakt med Skredvarslinga, som seier det er at rasfaren er vurdert til å vere mindre no fordi vêret er mykje betre, seier Svenn Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Han seier det pågår oppryddingsarbeid ved fleire punkt langs E39, og at dei prioriterer områder der bilar og folk er innesperra.

– Det vil seie mellom Vassenden og Movika. Vi har løpande dialog med kommunen og Fylkesberedskapsrådet. Vidare nordover på Vassenden, vil det mest truleg bli opna i løpet av dagen, slik at det er mogleg å kome ut med bilane. På Vassenden er det eit større arbeid som pågår.

På sørsida vurderer geologen rasfaren framleis så stor at rydningsarbeidet må vente.

– Det er ikkje sikkert vi tek ein ny vurdering i dag, men ventar til i morgon, seier Finden i 15-tida.

Her er status for vegane:

  • E39 Førde – Skei: Blir ikkje opna i dag. Opprydding er i gang på fleire punkt. Mykje masse skal ryddast bort, men det ser ut som om bruene har klart seg. Ny status på opning blir sendt ut på torsdag.

  • E39 – Svidalsneset. Fysisk sperra av skredmassar - Vert opna i dag

  • E39 – Movika. Fysisk sperra av skredmasser. Arbeid er i gang.
  • Fv13 – Holsen bru. Stengt veg grunna overvann og tett bru. Skader/undergravingar langs strekningen. Arbeid er i gang. Ny vurdering kl. 20.00.
  • Fv451 – Veg stengt. Fysisk stengt veg av skredmassar vest for Årnes. Blir ikkje opna i dag. Rasområdet er framleis ustabilt, kanskje rydding i morgon.
  • Fv615 – Hyen. Helt stengt veg ved Årneset av skredmassar. Arbeid er i gang. Blir ikkje opna i dag. Ny status torsdag. Framkomst frå Storebru forbi Hyen til raset ved Brødrene Aa.
  • Fv615 – Tjøtaelva ved kraftverket. Stengt veg grunna skredmassar/flaum. Arbeid er i gang.
  • Fv691 – Tverrelvi bru. Heilt stengt. Bru tatt av flaum. Brua blir erstatta av midlertidig løysing av betongkulvertar og steinmasse torsdag, slik at ein får forbindelse til dalen. Rydding pågår i dag lenger inn i dalen.
  • Rv13 - Moskog-Gaularfjellet: Opnar i kveld etter flaum ved Holsen. Rasmasse blir gravd vekk og elva ført bort frå vegen. Blir kunngjort på vegvesen.no/trafikk

Det er berre vegar som framleis er stengde eller der arbeid pågår som er med i oversikta. Vegar som har vore stengt men er opna att er ikkje med.

På vegen mellom Skei og Førde har det gått fleire ras. Fleire av rasa har gått langs Jølstravatnet, så der kjem ein ingen veg. I tillegg er det gått eit ras i Movika, så dei som bur ovanfor Movika kjem seg ikkje til Førde.

Tom Hansen, trafikkoperatør i Statens vegvesen, fortel at omkøyring for å kome seg nordover er tråklete.

– Skal du nordover må du køyre om Fv 55, og ta ferja frå Dragsvik til Hella. Deretter køyrer du inn til Stedje, og tek Europaveg 5 innover mot Fjærland. Så må ein følge E5 til Skei, der ein kan køyre inn på E39.

Denne omkøyringa tek tre timar og trettifem minutt.

OMKØYRING: Dette er ruta du må køyre for å kome deg til Skei i Jølster frå Førde. Omkøyringa tek tre timar og trettifem minutt.

OMKØYRING: Dette er ruta du må køyre for å kome deg til Skei i Jølster frå Førde. Omkøyringa tek tre timar og trettifem minutt. Foto:

Artikkeltags