Måtte stenge Fjærlandstunnelen på grunn av dyr

DEL

Det melde Vegtrafikksentralen Vest klokka 12.30 måndag ettermiddag.

Tunnelen er stengd på grunn av dyr i vegbana.

Klokka 12.25 fekk vegtrafikksentralen opplyst at entreprenør ville vere framme om rundt 40 minutt.

Det skal vere snakk om seks-sju sauer som oppheld seg rundt éin kilometer inne i tunnelen - frå Fjærlandssida.

Klokka 13.38 melde Vegtrafikksentralen at tunnelen var open igjen.

Artikkeltags