Skulemusikken fekk inn 21 000 på loppemarknad. No skal Id-Sofie og Maja til Brighton

TIL BRIGHTON: Id-Sofie Østenstad (15) og Maja Skovro (14) gler seg til dei skal til Brighton på korpstur.

TIL BRIGHTON: Id-Sofie Østenstad (15) og Maja Skovro (14) gler seg til dei skal til Brighton på korpstur. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

JØLSTER: Vassenden skulemusikk arrangerte loppemarknad til inntekt for korpstur til Brighton. Det bana veg for tur.

DEL

– Det blir skikkeleg gøy, seier Id-Sofie Østenstad (15) og Maja Skovro (14).

Dei er begge med i Vassenden skulemusikk som skal til Brighton 22. til 26. juni. Der skal dei spele konsertar, og spele for forskjellige skular.

Sterkt delaktig

Saman med resten av korpset har jentene vore sterkt delaktig i å arrangere loppemarknad. På lista over arbeid står alt frå å samle inn lopper, selje kake og plassering av loppene på marknaden. Korpset spelte også under marknaden.

– Det har vore ein del arbeid denne veka. Vi må øve ein del heime, og så har vi to øvingar i veka saman med korpset, seier Østenstad.

FULT AV LOPPER: Gymsalen var fylt med lopper.

FULT AV LOPPER: Gymsalen var fylt med lopper. Foto:

– Vi har fått inn veldig mykje lopper. Det er alt frå møblar, kjøkkenutstyr, kler, nips og bøker. Det er ei stund sia sist det har vore noko liknande på Vassenden så vi såg eit potensial til ei inntektskjelde, seier Turid Søgnen, leiar i skulemusikken på Vassenden.

Saman med Anita Kongsvik som sitt i styret i skulemusikken kan ho fortelje at det har vore mykje folk innom loppemarknaden allereie frå det opna. Skal vi tru dei har responsen vore god. Etter at utgiftene var betalt sitt skulemusikken igjen med heile 21.000 kr. Det resultatet var Turid Søgnen veldig nøgd med.

I korpset er det 29 musikantar. Ifølge Søgnen har det vore veldig god rekruttering dei siste åra. Ho trekker fram den dyktige og populære dirigenten Jason Burn, som ein av grunnane til det. Han har undervisning og øvingar med alle gruppene i korpset.

NØGD: Anita Kongsvik og Turid Søgnen er nøgd med dagen.

NØGD: Anita Kongsvik og Turid Søgnen er nøgd med dagen. Foto:

Snille prisar

– Folk var her tidleg for å sikre seg dei beste tinga. Vi har fått tilbakemelding om at vi har vore litt snill med prisinga, men det er betre at folk kjøper det enn at det blir liggande. Loppemarknad er ei fin anledning til å finne gode ting utan å måtte betale skjorta.

Når det kjem til det som ikkje blir seld, har dei allereie gjort avtale med Førde gjenbruk som skal få noko av det. Resten vil dei spare på til neste loppemarknad.

– Vi er veldig nøgd med dagen. Det er i grunn sjeldan at det skjer noko som dette i Vassenden, og då er folk flinke til å møte opp. Eg trur dei som har vore her i dag synest det har vore kjekt, avsluttar Søgnen.  

Artikkeltags