Fjaler er ein av sju kommunar i fylket som har søkt om å få Vinmonopol i 2019

FLERE POL: Heile 93 kommunar utan pol har søkt om å få det i sin kommune.

FLERE POL: Heile 93 kommunar utan pol har søkt om å få det i sin kommune. Foto:

Av

I dag har heile 248 kommunar eit eller fleire Vinmonopol i drift. No ønsker 93 kommunar eit nytt Vinmonopol. Sju av desse er i Sogn og Fjordane.

DEL

Nettavisen: I dag er det 331 Vinmonopol i landet, fordelt på 248 kommunar.

Vinmonopolet opplyser i ein rapport frå november 2018 at det er 93 kommunar utan pol som har søkt om å få dette i sin kommune. Det var NRK som først omtalte saka.

I Sogn og Fjordane er det Gulen, Hyllestad, Aurland, Lærdal, Fjaler, Bremanger og Selje som har søkt om pol.

Sjå heile lista på Nettavisen.

Gjer analyse

For å kunne få klarsignal for å opne vinmonopol i ein kommune, er det fleire faktorar som spelar inn. Kvar kommune må gå gjennom ein grundig analyse utført av polet, og det er kommunestyret som avgjer om kommunen får pol eller ikkje.

– Vi sjekkar innbyggjartal, handel og kor mange butikkar det er, men også kor mykje dei omset for totalt. I tillegg sjekkar vi arbeidsplassar, hytter, turisme og om det er ein spesiell attraksjon. Kort fortalt sjekkar vi alt som er relevant for aktivitetsnivået i kommunen, seier kommunikasjonssjef i Vinmonopolet, Jens Nordhal til Nettavisen og legg til:

– Jo høgare aktivitetsnivå og jo høgare handel, jo større sannsyn er det for at dei treff på statens krav om pol før vi opnar ein ny butikk.

Krav frå staten

Det mange kanskje ikkje er klar over, er at polet ikkje kan opne nye butikkar når dei vil og kor dei vil. Det er nemleg eit statleg krav som må oppfyllast før dei kan vurdere opning av ein ny stad.

– Kvar butikk må minimum dekkje sine kostnadar — inkludert administrasjonskostnadane, det ligg som eit eksplisitt krav frå staten. Kvart år får vi eit såkalla oppdragsbrev om kva vi skal gjere, seier Nordhal.

Han forklarar at grunnen til det statlege kravet er fordi dei ikkje ønsker at polet skal konkurrere med eldreomsorg, helse og skule om statlege overføringar.

– Vi må dekkje alle utgiftene våre sjølv, og det har vore eit førande prinsipp for drift av polet sidan vi starta i 1922. Alt dette andre er jo tenester til befolkninga, det er ikkje ein inntektskjelde eller butikkdrift. Det er ei semje om at skattepengane bør gå til skule, eldreomsorg, kultur, helsevesen og andre velferdsgode, seier Nordhal.

Ny runde til hausten

Til hausten er det ein ny runde der Vinmonopolet skal vurdere alle 93 kommunane som har søkt om pol. I tillegg blir det vurdert ein del andre stadar også.

– Det er ein del kommunar som har pol frå før, der politikarane ønsker seg eit nytt pol. Vi gjer ein vurdering av rundt 200 stadar i landet kvart år, seier kommunikasjonssjefen.

Sjølv om ein kommune har fått avslag eitt år grunna negativ utvikling, så betyr det ikkje at dei aldri vil kunne få eit pol. Nordhal forklarar at dei gjer ei vurdering av alle kommunar kvart einaste år.

Artikkeltags