Gå til sidens hovedinnhold

Meteorologen: – På 10-dagars varselet ser eg berre lågtrykk

Artikkelen er over 2 år gammel

TIDLEG HAUST?: Etter ein sommar med langvarig tørke og solskin, kan det sjå ut til at vi skal få att alt regnet framover.

– Måndag og tysdag kommande veke ser ikkje for ille ut. Då vil det vere skiftande skydekke, periodar med sol og rolege vindforhold, fortel vakthavande meteorolog ved vêrvarslinga på Vestlandet, Anne Solveig Andersen.

Men så ser det plutseleg ikkje så hyggeleg ut lenger.

– Frå onsdag av vil det komme nedbør over heile Sunnfjord, og dei neste dagane vil nedbøren ta seg opp.

Samanhengande regnvêr

Ho spår at torsdag blir den våtaste dagen kommande veke.

– Det ser slik ut ja, men det er vanskeleg å sei akkurat kor mykje nedbør det er snakk om. Det ligg eit lågtrykk mellom Storbritannia og Island som sender frontar vår veg. Det vil nok sei at vi ikkje kjem til å oppleve bygevêr slik som tidlegare, men meir samanhengande regnvêr i fleire dagar, seier Andersen.

Vinden vil og auke på som følge av lågtrykket.

– Det er ikkje snakk om nokon storm, men det vil auke på med vind frå sørleg retning.

Ver obs på flaum og skred

– Ser du om regnvêret vil snu nokon gong, eller er det grått så langt det meteorologiske auget kan sjå?

– På tidagarsvarselet vårt ser det dessverre ikkje så bra ut. Det er mykje lågtrykk som pregar vêret, og det vert forholdsvis vått i lengre tid.

– Med all denne nedbøren, korleis ser de på faren for flaum og ras?

– Det er alltid ein risiko når det kjem mykje nedbør på Vestlandet, men det er vanskeleg å seie no om vi sender ut noko flaumvarsel, i og med at vi er usikre på akkurat kor mange millimeter som kjem. Det er uansett noko folk bør tenke over når dei ser på vêrmeldinga, seier Andersen.

Les også

Kjempar desperat for å berge bruene frå flaumen

Les også

Myklebustdalen er framleis isolert – ny vurdering laurdag ettermiddag

Les også

Pustar ut etter våt og spennande natt: Brua heldt

 

Kommentarer til denne saken