Dei skytunge morgonane held fram i helga, men temperaturane held seg

SKODDE: Halbrendsnipa ligg innhylla i skodde fredag morgon.

SKODDE: Halbrendsnipa ligg innhylla i skodde fredag morgon. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VÊR: Helgevêret byr på grå formiddagar, men i indre strøk kan vi håpe på litt sol.

DEL

– Dagen i dag og i morgon, laurdag, blir ganske like, fortel vakthavande meteorolog Steinar Skare, ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Det vil sei litt kjøligare temperaturar om morgonen med lågt og tungt skydekke.

– Så bør det lette utover dagen, spesielt i indre strøk. Langs kysten kan ein vere meir uheldig med at tåka kan bli liggande utover dagen, og då vert det lite solskin, fortel Skare.

Lokale ettermiddagsbyer

Temperaturane svingar godt frå indre til ytre strøk.

– Det kan bli gode temperaturar sjølv om det ikkje blir sol frå skyfri himmel. På laurdag kan vi vente oss mellom 20 og 25 grader i indre, men noko kaldare langs kysten. Der vil temperaturane ligge mellom 14 og 19 grader, sidan dei her er meir råka av den kalde havlufta, seier Skare.

På ettermiddagen både fredag og laurdag kan det komme lokale ettermiddagsbyer.

– Dette gjeld berre for indre strøk så vidt eg kan sjå. Men det er framleis høg skogbrannfare, det trengs meir enn nokre ettermiddagsbyer for å regulere dette, påpeikar Skare.

Søndag snur det att

Vêret søndag blir litt lettare enn dagane før.

– Søndag ser ut til å bli ganske fin, med høgare temperaturar. Då er det ikkje umogleg at ein passerer 25 grader i indre strøk, seier Skare.

Det kan framleis vere litt skya om morgonen, men dette vil lette utover dagen.

– Det ser fint ut vidare etter helga og. Frå måndag til onsdag blir det flott, med høgare temperaturar, men ein kan framleis oppleve låge tåkeskyer på natta og tidleg på morgonen.

Artikkeltags