Gå til sidens hovedinnhold

Har du lagt om til sommardekk? Det kan framleis komme snø

Artikkelen er over 3 år gammel

VÊR: Denne veka ser førebels ikkje så vårleg ut.

– Det blir stort sett nedbør denne veka. Tysdag vil det blåse frisk bris frå sørvest på kysten, men inne i landet blir det litt mindre vind. Så ser det ut som at det kan lette litt til kvelden.

Det seier vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, Frode Hassel.

Ifølge Hassel går vi ei grå veke i møte.

– Onsdag vil det igjen vere regnbyer og bris og nokså skya. I låglandet ligg temperaturane omkring sju–åtte grader midt på dagen.

Kan komme snø

For dei som har skifta over til sommardekk, kan det bli skumle køyreforhold.

– Nedbøren vil nok komme som snø frå 700 til 900 meter over havet. Og nokre stadar i indre strøk kan ein risikere at temperaturen går ned på null fleire netter. Det er nok ikkje ordentleg vår enno, seier Hassel.

Både varme og tette klede er altså det som skal til for å komme seg gjennom denne veka. Men til helga kan ein gle seg litt.

– Det ser ut som at det blir eit vêrskifte fredag kveld, seier Hassel.

Tørrskodde konfirmantar?

Skydekket vil sprekke opp og ein vil få ei helg fri for nedbør, ifølge meteorologen.

– På laurdag vil ein nok få sjå sola, men temperaturen ser ikkje ut til å endre seg noko særleg. Det vil altså framleis vere ganske kaldt, både på nettene og om dagen.

Kommentarer til denne saken