Ventar du på sommarvêret? Då blir du nok skuffa

IKKJE SOMMARVÊR: Temperaturane held seg for det meste låge i tida framover.

IKKJE SOMMARVÊR: Temperaturane held seg for det meste låge i tida framover. Foto:

Denne veka blir opplett og høgare temperaturar. Men dette vêret varer ikkje lenge.

DEL

– Det er ikkje noko som tyder på sommar i næraste framtid om vi snakkar om varm temperatur over ein lengre periode, seier meteorolog Frode Hassel ved Meteorologisk institutt.

Han fortel at det vil bli lettare ut over dagen på onsdag. Dette vêret vil fortsetje fram til søndag. Laurdag blir den varmaste dagen denne veka.

– Det blir ei betring på laurdag. Då ser det ut som at temperaturen blir opp mot 21 grader og det vil vere opplett utover dagen, seier Hassel.

Temperaturen fell igjen

Men temperaturen vil ikkje halde seg på tjuetalet så veldig lenge. Allereie i starten av neste veke vil temperaturen felle igjen, og nedbøren vil kome tilbake.

– Det er litt håp om at det lettar opp neste veke, men slik det ser ut no vil temperaturane vere låge, og det vil vere noko nedbør. Det ser altså ikkje ut som vi får eit veldig spennande sommarvêr framover, seier Hassel.

Hetebølge i resten av Europa

Fleire land i Europa varslar temperatur opp mot 40 grader, grunna hetebølge. Ifølge Hassel vil ikkje denne bølga nå opp til Sunnfjord.

– Hetebølga kjem nok ikkje opp til oss. Den varmaste temperaturen vi kan sjå på prognosen er ikkje langt over tjue grader, seier Hassel.

Artikkeltags