Slik blir veka: Kraftige regnbyer og tore

SKALK LUKENE: Kommande veke kjem det til å bli vått og grått i Sunnfjord.

SKALK LUKENE: Kommande veke kjem det til å bli vått og grått i Sunnfjord. Foto:

Vi har ei våt veke i vente. Det einaste lysglimtet kan kome på onsdag, melder meteorlogen.

DEL

– Eg skal ikkje uttale meg om dette er hausten, men eg må seie at vêret utan tvil ser haustleg ut.

Det seier Steinar Skare, vakthavande meteorolog i Vêrvarslinga på Vestlandet, om vêret i Sunnfjord den kommande veka.

– I dag kjem det til å bli sør til sørvestleg frisk bris i enkelte område av Sunnfjord. I tillegg vil det kome kraftige regnbyer med tore.

Skare fortel at det ikkje er snakk om farevarsel.

– Området vi bur i toler ein god del nedbør, seier han.

Tysdag held det fram som måndag, om ein trekk frå faren for tore.

– Lågtrykket som treffer Sogn og Fjordane bevegar seg nordaustover, og vil ende opp i Lofoten. Det fører til at vi også i morgon får frisk bris i utsette område med regn og regnbyer, seier han og legg til at det kjem til å lette litt på kvelden.

Då er det ikkje lenger fare for tore, og nedbøren kjem til å minke.

15–17 grader

Temperaturmessig fortel han at det ikkje kjem til å bli særleg kaldt kommande veke.

– Slik det ser ut no kjem temperaturen til å ligge på om lag 15–17 grader som høgaste temperatur på dagtid, medan den søkk til rundt 8–10 på nattetid, seier Skare.

Lysglimt på onsdag

– Onsdag ser ut som den einaste dagen kommande veke der det er sjansar for opphald, seier meteorologen.

Skare fortel at det ser ut som om vinden kjem til å minke tidleg onsdag, for så å ta seg opp att på kvelden. Regnet ser også ut til å ta ein pause på ettermiddagen.

– Slik det ser ut no kjem det til å vere enkelte byer tidleg på dagen. Desse kjem til å minke på kvelden.

Resten av veka er det tilbake til ruskete vêr.

– Stadig nye frontar kjem innover fylket utover veka, seier Skare.

Artikkeltags