Finn fram badekleda, for no har vi årets varmaste dag i vente

ÅRETS VARMASTE: Fredag bør du finne deg ein plass du kan kjøle deg ned, for då går vi mot årets varmaste dag.

ÅRETS VARMASTE: Fredag bør du finne deg ein plass du kan kjøle deg ned, for då går vi mot årets varmaste dag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VÊR: Meteorologane trur fredag vil knuse alle varmerekordar så langt i år.

DEL

– Eg er ganske sikker på at det vil kome nokre varmerekordar fredag, seier meteorolog Camilla Albertsen til Firda torsdag ettermiddag.

Medan Sogn og Fjordane ikkje vil tangere varmerekorden på 33,3 grader frå 8. juli 1933 i Fortun, trur Albertsen vi går mot den varmaste dagen så langt i år.

Regn til helga

Fredag blir det varmt over heile landet, og truleg vil Bergen knuse varmerekorden frå 2003, då gradestokken synte 31, 8 grader.

Over heile Sogn og Fjordane vil det fredag og laurdag bli oppimot 30 grader. Medan Førde ligg an til å få 29 grader, vil gradestokken krype opp til 30 på Nordfjordeid. I Hyllestad og Florø er det også venta 30 grader.

Her kan du sjå varme- og kulderekordane i Sogn og Fjordane, der altså Fortun sit med varmerekorden. Fredag er det «berre» venta å bli 29 grader der.

Etter at vi får varma oss godt opp fredag og laurdag, kjem det nedbør og kjøler oss litt ned laurdag kveld. Regnet blir med oss laurdag natt og utover første del av søndagen, og resten av dagen blir ganske så bra.

Ustabilt, men varmt i neste veke

Måndag kan vi vente oss ein ny front med nedbør.

– Det vil halde seg varmt i neste veke også, men temperaturane vil søkke litt og vil ligge rundt 20 grader. Det blir periodar med nedbør framover og litt meir ustabilt. Etter ein flott vinter, vår og sommar, merkar Albertsen at mange er nysgjerrige på vêret:

– Det blir ein del spørsmål frå folk, seier meteorologen, som aldri blir lei av å snakke om vêret:

– Det er alltid kjekt!

Artikkeltags