Eli Kari Gjengedal fekk Kringkastingsprisen 2018

DIALEKTBRUKAR: Vêrmeldar Eli Kari Gjengedal har snakka sognamål på TV i årevis.

DIALEKTBRUKAR: Vêrmeldar Eli Kari Gjengedal har snakka sognamål på TV i årevis. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

LEIKANGER: Vêrmeldar Eli Kari Gjengedal frå Leikanger fekk Kringkastingsprisen for 2018.

DEL

Kringkastingsprisen har blitt delt ut sidan 1978. Prisen skal gå til ein person som utmerker seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte brukar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet.

– Det er få tema som opptek nordmenn meir enn vêret. Om det bles stiv kuling eller kjem inn lågtrykk sør for Stad, meldingar om vêret blir det lytta til. Då er det godt med trygge dialektbrukarar som kan lose oss gjennom stormen. Det har prisvinnaren gjort i ei årrekkje, står det i grunngjevinga frå styret i Kringkastingsringen.

Gjengedal kjem frå Leikanger i Sogn og Fjordane og er vêrmeldar på TV 2 for Storm Weather Center. Ho har også vore programleiar i NRK for programmet Værbitt. Frå 2014 har ho vore redaksjonssjef for vêrmeldinga i TV 2.

Kringkastingsringen skriv vidare at prisvinnaren gjennom yrkeslivet har vore trygg på dialektbruken.

– På klingande sognemål har ho meldt om regn, sol, sludd og frisk bris. I tillegg til å vere eit kjent og kjært innslag i fjernsynsruta, har lesarar av Dagbladet si helgeavis i fleire åre hatt glede av å lese ei spalte signert prisvinnaren.

Anne Lognvik, Arill Riise og NRK Super er vinnarar dei tre føregåande åra.

(©NPK)

Artikkeltags