Nyt dagane med opphald: Vi har våtare og kaldare dagar i vente

KORT OPPHALD: Sjølv om vi får eit opphald måndag og tysdag, vil regnet vere tilbake att allereie onsdag. I tillegg skal det bli kaldare.

KORT OPPHALD: Sjølv om vi får eit opphald måndag og tysdag, vil regnet vere tilbake att allereie onsdag. I tillegg skal det bli kaldare. Foto:

VÊR: Høyanger verk var Sogn og Fjordanes våtaste stad i helga. Heldigvis ligg dei verste nedbørsmengdene bak oss, men meteorologen fortel at opplettspausen blir kortvarig.

DEL

Vi får no to dagar med pause, før neste nedbørsperiode startar. Men etter det er regnet tilbake, og i tillegg skal det bli kaldare. Det er den nedslåande meldinga frå vakthavande ved Meteorologisk institutt, Haldis Berge måndag.

Vi har lagt bak oss ei regntung helg, og nedbøren vart forsterka med høge temperaturar og snøsmelting, noko som gav flaumproblem fleire stader i helga.

– Det var kombinasjonen av snøsmeltinga og mykje nedbør som gjorde at det vart så mykje vatn, seier Berge til Firda.


Høyanger verk hadde mest nedbør i fylket

Ser ein på statistikken frå fredag, laurdag og søndag, var det Høyanger verk som hadde mest nedbør samla over desse dagane i fylket; heile 197,2 millimeter. Kort bak finn ein Brekke i Sogn med 176,7 millimeter, og Takle med 173,4 millimeter.

Sjå komplett liste nedst i saka. (klikk for å forstørre opp bildet).

På topp på Vestlandet finn ein Sauda i Rogaland med 248,2 millimeter i same tidsrom.

Kaldare i veka og regn til helga

Meteorologen fortel at vi denne måndagen og tysdagen vil få eit etterlengta opphald, men at det blir kortvarig.

– Måndag kveld og natt vil det komme nedbør inn over Nordfjord. Det vil gå over til byer på onsdag, seier Berge.

Trøysta er at nedbørsmengdene blir mindre enn vi har sett den siste tida, og meteorologen melder mellom 5–25 millimeter nedbør i døgnet. Vi får også eit lite pusterom med eit nedbørsopphald på torsdag.

– Men så blir det våtare til helga, seier Berge, som også fortel at temperaturane vil falle denne veka.

– Temperaturen vil nok ligge mellom 9 og 10 grader, seier ho, og legg til at i fjella så vil ein kunne få ned mot minusgrader allereie natt til tysdag grunna at vêret då har klårna opp.

Artikkeltags