Ein tipsar sende Firdaposten eit bilde måndag morgon, som syner at det har snødd i indre delar av Flora kommune, og at det ligg snø på vestsida av Naustdalstunnelen på rv. 5.

Ingen meldingar

Trafikkoperatør Ove Amundsen ved Vegtrafikksentralen i Bergen fortel til Firda at det ikkje er komme inn meldingar frå innringarar om vanskelege køyreforhold på vegane i Sogn og Fjordane.

– Folk er nok bevisste på det. Vi er på full fart inn mot vinteren, og det var jo meldt tidlegare at temperaturen skal byrje å krype nedover, seier Amundsen, som fortel at snøgrensa no er på om lag 800 meter, og at den stadig kryp nedover.

At det vil bli snø og slaps også på vegane i låglandet må difor reknast med, ifølgje trafikkoperatøren.

Sjå status for vegane

Han fortel at det etter natta er meldt om snø og isdekke på E16 Filefjell, rv. 13 Vikafjellet, rv. 52 Hemsedal, og fv. 50 Aurland – Hol.

Er det vanskelege køyreforhold, eller skjer det noko på vegane der du er? Send oss bilder på [email protected]

Her kan du sjå oppdaterte trafikkmeldingar frå Statens Vegvesen.