Du kan trygt ta med solbrillene 17. mai

SOLBRILLEVÊR: Bilete frå toget gjennom Førde på 17. mai i fjor.

SOLBRILLEVÊR: Bilete frå toget gjennom Førde på 17. mai i fjor. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VÊR: Meteorologen melder om fint vêr på nasjonaldagen.

DEL

Du kan trygt ta med deg solbrillene i lomma på 17. mai, for i heile Sogn og Fjordane er det meldt om lettskya og pent på nasjonaldagen.

– Det blir ein del kaldare enn det har vore dei siste dagane, men likevel veldig pent vêr, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Tone Christin Thaule.

Litt kald vind

– Temperaturane vil nok ligge på ein 11–12 grader på kysten og så vert det heitare dess lenger inn i landet ein kjem, opp i ein 14–15 grader ser det ut til, seier Thaule.

Grunnen til den store temperaturforskjellen frå det vi har hatt dei siste dagane er ein kjølande nordavind.

– Der som ein kjem i le for vinden vil det nok bli veldig fint. På kysten får ein kanskje opp mot frisk bris til liten kuling, men i innlandet er det i verste fall berre snakk om bris. Det kunne vore så mykje verre for å seie det slik, seier Thaule og ler.

Fint i heile fylket

Første del av nasjonaldagen blir kanskje litt meir skya enn slutten, men dette er enno litt usikkert.

– Det ser slik ut per no, men dette med skydekket er vanskeleg å spå, seier Thaule.

Ingen stader i Sogn og Fjordane er det meldt om nedbør.

– Det blir fint over heile fylket. Einaste forskjellane eg kan sjå er at det kan bli litt kjøligare i Nordfjord enn i Sunnfjord, fortel Thaule.

Artikkeltags