– Dei trudde at krisesentera skulle gå ut på dato. Men sentera er like fulle i dag

– Det har også vore mange dramatiske situasjonar, så ein må vere uredd og ha litt mot, seier Wenche Hovland. No går ho av med pensjon, og dermed må krisesenteret i Florø finne seg ein ny leiar.