Ny studie: Å bli utsett for vald går i arv

Av

Éin av tre som har vore utsette for vald i barndommen, opplever ny vald i vaksen alder.

DEL

Det kjem fram i ein rapport frå Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS).

Studien er ei oppfølging av omfangstudien av vald og valdtekt i Noreg frå 2014. 500 personar som tidlegare svarte at dei har opplevd vald i barndommen, og 500 personar som svarte at dei ikkje har opplevd slik vald, er følgt opp i to intervjurundar med spørsmål om ny vald, rus, helse og sosiale relasjonar.

– Studien viser tydeleg at vi som samfunn ikkje vernar valdsutsette barn godt nok på deira veg inn i vaksenlivet, seier prosjektleiar Siri Thoresen.

Tidlegare forsking har vist at mange personar som har opplevd vald i barndommen, har dårlegare psykisk helse og problem som angst, depresjon, posttraumatisk stressliding (PTSD) og rusbruk.

– Denne studien viser oss at det å bli utsett for ny vald i vaksen alder, gir endå dårlegare helse og meir problem med alkoholbruk. Det er derfor viktig å verne dei utsette mot ny vald, seier Thoresen.

Hos dei som vart utsette for ny vald, rapporterte éin av fire fleire sjølvskadande handlingar eller sjølvmordsforsøk.

Artikkeltags