Krangling og slåsting på Festplassen

DEL

Politiet rykte i natt ut til melding om krangling og slåsting på Festplassen i Førde. Det var to menn på 18 og 19 år som slåst. 19-åringen skal mellom anna ha slått 18-åringen med eit vassgevær.

– Meldinga kom frå Festplassen klokka 01.24. 18-åringen blødde frå eit kutt på haka og hadde kutt under auge og skrubbsår. Det vart limt saman, forstår eg, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Den fornærma vart køyrt heim, medan politiet reiste tilbake for å finne vassgeværet. Det vart funne knust, og dei tok det med. Det blir oppretta sak på hendinga.

– Elles har det vore ei roleg natt i Sogn og Fjordane, seier Kolltveit.

Artikkeltags