Båt kvelva på Refvikvatnet – fire personar fall i vatnet

Artikkelen er over 2 år gammel

VÅGSØY: Ein båt hamna opp-ned på Refvikvatnet. Det blir no meldt om kontroll på alle som hamna i vatnet.

DEL

Ein båt kvelva hamna ligg opp-ned på Refvikvatnet søndag ettermiddag, melde Operasjonssentralen i Vest politidistrikt klokka 18.33.

Politiet melde også at fleire personar hadde hamna i vatnet, men ikkje kor mange.

Ifølgje NRK var det fire personar ombord i båten som kvelva.

Det vart kort tid etter meldt at båten var snudd rett veg, og at det var kontroll på alle som har vore i vatnet.

Ingen av dei involverte er skadde. Dei skal ha drive med dykking, ifølgje politiet.

Artikkeltags