Mann i 20-åra kritisk skadd etter MC-ulykke i Vågsøy

ALVORLEG SKADD: Føraren av motorsykkelen vart frakta til Haukeland i luftambulanse.

ALVORLEG SKADD: Føraren av motorsykkelen vart frakta til Haukeland i luftambulanse. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VÅGSØY: Ein motorsyklist køyrte inn i eit tre i Vågsøy, og vart alvorleg skadd laurdag ettermiddag. Etter å ha blitt flogen til Haukeland, vart han meldt kritisk skadd.

DEL

Laurdag ettermiddag melde AMK ved Helse Førde om ei motorsykkelulykke ved Kvalheim i Vågsøy. Hendinga vart meldt klokka 17.27.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Per Algrøy, fortalde at både luftambulanse og ambulanse vart sendt til staden. Ulykka var ei singelulykke. Ingen andre køyretøy var involvert, og operasjonsleiaren hadde ikkje fått meldingar om kø eller stenging på staden.

Politiet vart også sendt til staden. Det vart vidare meldt at motorsyklisten hadd køyrt inn i eit tre, og var alvorleg skadd.

Luftambulansen på staden frakta den skadde til Haukeland universitetssjukehus, og i ni-tida Laurdag kveld melde Haukeland sjukehus at mannen er i slutten av 20-åra, og at vedkommande er kritisk skadd etter ulykka.

Artikkeltags