Bil med fire personar har køyrd inn i tre – føraren er alvorleg skadd

Artikkelen er over 1 år gammel

VÅGSØY: Føraren sendt i luftambulanse, og ei kvinne og to barn er sendt i ambulanse.

DEL

Ein bil har køyrt inn i eit tre ved Bryggja i Vågsøy fredag ettermiddag. Det melder politiet klokka 18.25. Dei fekk meldinga klokka 18.09.

Fire personar sat i bilen, og dei første meldingane gjekk på at ein av desse sat fastklemd. Kort tid etter vart det opplyst at personen ikkje er fastklemd, men at bilen ligg vanskeleg til, slik at personen er vanskeleg å få ut.

Luftambulanse sendt

Alle naudetatar vart sendt til staden, og det vart også sendt ein luftambulanse.

Operasjonsleiar Per Algrøy ved Operasjonssentralen i Vest politidistrikt seier til Firda klokka 19.10 at alle dei fire no er ute av bilen.

Føraren alvorleg skadd

To born og to vaksne var involvert i ulykka. Føraren er ifølgje politiet alvorleg skadd, og vert sendt med luftambulanse til Førde. Den andre – ei kvinne – framstår som moderat skadd, og dei to borna er lettare skadd.

Kvinna og dei to barna blir køyrd frå staden i ambulanse.

Manuell dirigering på staden

Operasjonsleiar Algrøy fortel at politi, helsepersonell og brannmannskap er på staden framleis, og at bilbergar er sendt til staden.

Vegtrafikksentralen Vest melder få minutt seinare at det no er manuell dirigering på staden.

Artikkeltags