Naudetatane måtte rykke ut etter trafikkulykke

Artikkelen er over 1 år gammel

TRAFIKK: Mann i 20- åra hamna av vegen

DEL

Ein mannleg sjåfør køyrde av vegen ved rv. 15 ved Almenningen ved Vågsøy natt til tysdag. Politiet fekk melding om hendinga 00.43, opplyser Vest politidistrikt.

Sjåføren i midten av 20- åra blei sett til av ambulansepersonell etter ulykka, som konstaterte at han var lettare skadd. Sjåføren klaga over smerter i rygg og i hovudet etter ulykka.

Ifølge politiet trong ikkje sjåføren vere med i ambulanse, men at han skal ta kontakt med helsepersonell dersom han blir dårlegare.

– Mannen kom køyrande i ei slakk kurve då ulykka skjedde, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Det var ikkje det store krasjet og airbagen blei ikkje utløyst, men bilen måtte hentast av bergingsbil.

Mannen var åleine i bilen då hendinga skjedde og det var ingen andre bilar involvert. Det var passasje på staden og det var meldt å vere glatt på staden.

Ifølge politiet er det ingen beslag av førarkortet eller mistanke om rusa køyring. Det blir oppretta sak. 

Artikkeltags