Fekk melding om båt med fleire fulle folk

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Politiet fekk natt til søndag melding om at ein båt som køyrde frå Silda i Vågsøy i retning Måløy, hadde fullt av fulle folk ombord.

Meldinga kom til politiet rundt midnatt.

– Politiet reiste ut og to av personane om bord blei tatt med for blodprøve. Det er mistanke om køyring i påverka tilstand, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Per Algrøy til Firda.

Dei to var ein mann og kvinne i 40- åra, og dei er politiemelddt. 

Sjølv om politiet har tatt inn to til blodprøvetaking, mistenkjer dei at fleire enn desse køryde båten i rusa tilstand.

Artikkeltags