Bil har snurra og hamna midt i vegen på FV61 i Vågsøy

Artikkelen er over 1 år gammel

VÅGSØY: Politi og ambulanse rykte ut til staden.

DEL

Vegtrafikksentralen vest melde litt over klokka 15.00 at det at fylkesveg 61 i Vågsøy var stengt på grunn av eit trafikkuhell.

Ambulanse og politi rykte ut til staden.

– Bilen har snurra og står på tvers midt i vegen, sa Dag Olav Sætre, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt klokka 15.15.

Både årsaka til uhellet og kor mange det var i bilen var då ukjend.

– Vi har fått melding om at førar er oppegåande, men har vondt i ein skulder.

Sætre fortel at det også lak olje frå bilen.

Vegen var open igjen frå klokka 17.00.

Artikkeltags