Bil har køyrt utfor vegen i Vågsøy – føraren vedgår at han sovna

Artikkelen er over 1 år gammel

VÅGSØY: Politiet tok frå ein mann i 30-åra førarkortet søndag kveld.

DEL

Ein bil køyrde utfor vegen på Kvalheimsfjellet mellom Kråkenes og Kvalheim søndag kveld. Både politi og ambulanse rykte ut til staden. Det var ein person i bilen, og han skal ikkje vere skadd.

Bilføraren vedgjekk at årsaka til ulykka var at han hadde sovna bak rattet, og mannen i 30-åra vart fråteken førarkortet etter utforkøyringa.

Artikkeltags