Etterlyser Joker-vinnar frå Sogn og Fjordane

Ein mann frå Vågsøy har vunne 506 000 kroner i i Joker - og programleiar Reidar Buskenes gratulerte på direkten.

Ein mann frå Vågsøy har vunne 506 000 kroner i i Joker - og programleiar Reidar Buskenes gratulerte på direkten. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NORSK TIPPING: Onsdag kveld vann ein mann frå Vågsøy 506 000 kroner i Joker. Om han sjølv veit om det er ikkje klarlagt.

DEL

Norsk Tipping prøvde å få tak i mannen frå Vågsøy for å høyre om han ville vere med i TV-trekninga, og då tok han først telefonen. Men så la han på.

– Ein mann frå Vågsøy i Sogn og Fjordane har vunne 506 000 kroner i Joker i kveld, men veit det kanskje ikkje sjølv, skriv Norsk Tipping i ei pressemelding.

Etter at mannen først hadde tatt telefonen og deretter lagt på, prøvde Norsk Tipping å ringe han fleire gonger utan at nokon tok telefonen.

Vinnarkupongen er kjøpt hos Måløy kro og motell, og pengane mannen har vunne blir overført til kontoen hans, anten Norsk Tipping får tak i han eller ikkje.

Artikkeltags