Hoppa i havet for å unngå dragsuget då båten sokk

62 år gamle Ole Midtgård og ein kvinneleg feriegjest i femtiåra bestemte seg å hoppe i havet før båten sokk.

DEL

Dei to var om bord i ein 20 fots stor fritidsbåt i Vågsfjorden sør for Måløy tysdag kveld, då båten byrja å ta inn vatn.

– Vi var ferdige med å drage opp teinene og skulle setje dei ut igjen, då eg såg at det var vatn på dekk. «Her er noko som er gale», sa eg, fortel 62-åringen til Bergens Tidende.

Prøvde å styre mot land

Han gav kvinna beskjed om å styre mot land, medan han prøvde å setje ut att dei 14 teinene.

Det rakk han aldri. Båten tok inn vatn og sokk i løpet av fem minutt. Ekkoloddet viste 95 meter djupn.

Sette ut ein badestige

Heldigvis var ein tysk seglbåt i nærleiken. Skipperen oppdaga paret som hoppa i sjøen, og han sette ut ein badestige og fekk dei to om bord.

Verken eigaren av fritidsbåten, bror til Midtgård, eller politiet i Vågsøy veit førebels grunnen til forliset.

Firda har tidlegare omtalt hendinga.

Artikkeltags