Mann skulda for blotting – sjølv nektar han tvert

Artikkelen er over 1 år gammel

Vågsøy: Mann i 50-åra nektar for blotting.

DEL

I løpet av helga melde åtte kvinner frå til politiet om uønskt merksemd frå ein mann i trimløypa i Måløy, skriv Fjordenes Tidende.

Ein mann i 50-åra er mistenkt i saka, og vedgår at han har vore i området. Han har også vedgått at han har bede damer om å smørje seg inn med solkrem. men nektar blotting.

– Forklaringane frå mannen og kvinnene samsvarar ikkje, seier politioverbetjent Nils Bakke ved Vågsøy lensmannskontor, til Fjordenes Tidende.

Artikkeltags