Gå til sidens hovedinnhold

Drivstoff har sølt til bilar og hus i Vågsøy

Artikkelen er over 3 år gammel

REFVIKA: Alarmsentralen har fått melding om at det er sølt flydrivstoff over Refviksanden, i havet og over hus og bilar.

– Det vi førebels veit er at det er tilgrisa i omtrent ein kilometer i diameter med parafin/jet-drivstoff i området Refvika, seier Dan Inge Gjesdal, vaktleiar ved alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Brannvesenet skal no vere på staden for å ta prøver av stoffet. Det er mange i bygda som har varsla om saka.

– Det er ein kraftig eim av diesel i heile området. Drivstoffet er ikkje farleg for folk, men det blir ei forureiningssak, seier Gjesdal.

Han seier at han ikkje har høyrt om slike hendingar før.

– No er det sterk vestleg vind i området, så det kan og vere drivstoff som har komme frå havet. Men slik det ser ut no er det mest sannsynleg at det har komme frå oven, avsluttar Gjesdal.

Brannvesen på staden

Vaktleiar Kim Hjelle er no på staden saman med brannvesen for å sjekke ut kva som har skjedd.

– Vi står jo her på Norges finaste badestrand, og jobbar for å finne ut kva som har skjedd. Det er litt gris her og luktar ein del. For augneblinken prøver vi berre å kartlegge kor stort område det er snakk om, seier Hjelle.

I elva som renn langs med Refviksanden flyt det ein del drivstoff.

– Vi kan ikkje konstatere kva type drivstoff dette er eller kvar det kjem frå, per no, seier Hjelle.

Kommentarer til denne saken