To terrengbrannar i Vågsøy – brannvesenet melder no at dei har kontroll

TERRENGBRANN: Bildet syner brannen ved Holvika.

TERRENGBRANN: Bildet syner brannen ved Holvika. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VÅGSØY: Politiet melde søndag om to terrengbrannar i Vågsøy. Den siste vart under kontroll etter over seks timar.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder søndag ettermiddag om to terrengbrannar.

Den eine brannen vart meldt i Måløy, ovanfor gate 7/8. Denne brannen vart det derimot meldt at brannvesenet hadde kontroll på kring klokka 18.05.

SISTE: Klokka 23.31 melder politiet om at det er kontroll på den siste brannen. Det er ikkje lenger opne flammar, men sløkking vil halde fram på staden.

Rekvirerte helikopter for å sløkke

Den andre terrengbrannen starta i Holvika. Her vart det sendt politi, ambulansepersonell og brannpersonell. Etterkvart vart det også rekvirert eit helikopter for å bistå med sløkkinga, og klokka 19.30 var dette på plass på staden.

Helikopteret vart rekvirert etter at brannen spreidde seg noko mor sør-øst, melder politiet.

– Sivilforsvaret er også kalla ut for å bistå, seier Jan Gunnar Holvik, vaktleiar ved Alarmsentralen i Florø.

– Ganske hissig brann

Vaktleiaren fortel vidare at brannen oppstod om lag 35 meter over næraste byggefelt. Brannvesenet var derimot heldige med vindretninga, og brannen flytta seg oppover fjellsida, vekk frå bebygginga.

– Det er ein ganske hissig brann, seier Holvik.

Det skal også vere lagt ut slangar frå sjøen, noko som gjer at rv. 621 er stengt i periodar, grunna at slangane ligg over vegen.

Har kontroll på brannen

Klokka 22.38 brann det framleis kraftig på staden. På det meste var det 50 brannfolk i sving.

Klokka 23.31 vart det meldt av politiet at brannen var under kontroll. Det var då ingen opne flammar, men sløkkearbeid vil likevel halde fram på staden.

Om lag ein time tidlegare var dei siste meldingane frå Alarmsentralen i Florø at det hadde brunne over eit område på 106 mål. Dette arealet var då venta å vekse.

Om lag 1000 liter vatn var då tømt over brannstaden av helikopteret.

Artikkeltags