Mann måtte hoppe i redningsflåte til han blei berga av helikopter

Artikkelen er over 1 år gammel

VÅGSØY: Seglbåt tok fyr og sank. Mannen om bord blei redda av helikopter.

DEL

Klokka 04.49 natt til onsdag fekk politiet melding om brann i ein seglbåt på 38 fot vest for øya Gulholmen i Vågsøy kommune.

Mannen om bord måtte hive seg i redningsflåta si medan han venta på redningshelikopter frå Hovudredningssentralen.

– Vi veit ikkje noko om årsaka til brannen. Men båten sakk etterpå, for skaden frå brannen blei så stor, seier vakthavande Cecilie Øversveen i Hovudredningssentralen.

Operasjonsleiar Terje Magnussen ved Vest politidistrikt seier mannen om bord var i 30-åra.

– Han blei plukka opp av redningshelikopter, flydd inn til Florø og sjekka av helse. Han er i god form, seier operasjonsleiar Terje Magnussen ved Vest politidistrikt.

Artikkeltags